Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om oss

Kven er Møremusikarane ?

Ordinga består av ni faste musikarar og om lag 75 frilansarar. Desse vil du etter kvart kunne søke opp i musikardatabasen vår.

Dei faste musikararane våre er fordelte på tre musikargrupper: 

  • I Ålesund finn vi Bjørnar Myhr og Jøran Hatten.
  • Den klassiske pianotrioen Rute 33 held til i Molde og består Asgeir Hoffart, Per Kåre Fossum og Judit Toth Sylte.
  • Bandet Fjord & Fjell held til i Sunndal og har medlemmane Jo Inge Nes, Sondre Meisfjord, Peter Wergeni og Øystein Sandbukt.

Du kan lese meir om dei faste musikarane her.

Korleis kan eg bruke ordninga?

Du kan søke om profesjonelle musikarar til prosjektet ditt for ein brøkdel av det det vil koste å leige inn andre musikarar. Dette fordi vi er ei subsidiert ordning, og dekker reise, kost og opphald i tillegg til delar av honoraret. Vi tek oss også av administrative oppgåver rundt tilsettingsforholdet. Når det gjeld sjanger, har vi musikarar som kan bidra til å løfte nesten alle typar musikkprosjekt frå opera, til rock og jazz!

Ordninga har søknadsfristar 15. februar, 15. mai, 15. september, og 15. november.

Her finn du meir informasjon om korleis du kan søke møremusikartjenster og kva for prosjekt vi kan støtte

Følg oss!