Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fjord og Fjell har vært på arbeidsplass turne på dei fire sjukehusa i fylket.

Dei starta med ein konsert på Kristiansund sjukehus, deretter i Volda, Ålesund og vart avslutta på sjukehuset i Molde.

Dei ansatte på sjukehusa fekk ein flott konsert og var veldig nøgd med å få besøk av møremusikarane.

Her kan de sjå utdrag frå konserten på Molde Sjukehus.

Les meir

Midtnorsk Musikkmesse - 3M i Molde 17. - 18.11

Midtnorsk Musikkmesse – 3M vert arrangert for første gong i Møre og Romsdal på Plassen i Molde 17.-18. november.

Dette er ei fagmesse som er åpen for utøvande musikarar og formålet er kompetanseheving og karrierebygging. Det er svært gledeleg at tre profilerte musikarar som kvar på sitt vis har gjort musikken til eit levebrød, Frode Alnæs, Lars Kilevold og Steinar Raknes, har sagt ja til å bidra på konferansen. Dei vil fortelje om korleis dei har organisert verksemda si og om korleis dei har overlevd i musikkbransjen i, for to av dei, over 30 år!

Les meir

Pressemelding

Jøran Hatten vart i haust tilsett som ny Møremusikar i Ålesund.
Jøran skal arbeide 50% i kulturskulen i Ålesund og 50% som utøvande musikar, der han skal samarbeide tett med Møremusikar Bjørnar Myhr. Dei har planer om fleire produksjonar, mellom anna skal dei utvikle ein Arbeidsplasskonsert for bedrifter og organisasjoner i Ålesundsdistriktet. Jøran er og ein av utøvarane i den nye barnehage- og skolekonserten om Prøysen. Denne skal på turne våren 2014.

Les meir

Bestilling av CD med Fjord og Fjell

Her kan du bestille Fjord og Fjell sin CD "SNEIS". Pris pr CD er 150,-. I tillegg kommer fraktkostnader på kr. 20,-, totalt kr. 170,-. Faktura blir sendt saman med CDen. 

CDen kan du etterkvart høyre og laste ned på Spotyfy og Wimp.  Det kan ta nokre dagar før "SNEIS" er på plass, men vi er tilgjengeleg på Itunes! 

Les meir

Møremusikargruppa Fjord og Fjell med ny CD

Tirsdag 25.juni slepp Møremusikargruppa Fjord og Fjell frå Sunndal sin nye CD "SNEIS". Ordet "SNEIS" tyder talet 20 og er ein passande tittel på CDen til ei musikargruppe som har arbeidd som Møremusikarar i Møre og Romsdal i 20 år. "SNEIS" inneheld eigenkomponert musikk frå dei siste åra, og er den andre CDen til Fjord og Fjell.

Les meir

Fjord og Fjell sentrale under Sunndal Kulturfestival

Fjord og Fjell er årets festivalmusikere under Sunndal Kulturfestival 

Les meir

Toneminner

Vår 2014
Ein mimrekonsert med Møremusikarane 

Les meir

Arbeidsplasskonsert med Rute 33

Klavertrioen i Molde har med seg songaren Lone Eines frå Sunndal i sin heilt nye Arbeidsplasskonsert. Repertoaret varierer mellom song og instrumentale låter og spenner frå den klassiske komponisten Puccini til den argentinske tangomesteren Piazzolla og Sommero. 

Les meir