Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møremusikarane

Bestill

Møremusikarordninga skal sikre profesjonelle musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og deira verksemd. I tillegg kan fylket engasjere andre profesjonelle frilansmusikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket. Møremusikartenestene er subsidiert.

Møremusikarane kan brukast til instruksjonsoppdrag, alle type konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespel i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søkje om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangører av alle typer konsertar
  • Kulturinstitusjonar
  • Lag og organisasjonar 
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester 
  • Det lokale næringslivet 
  • Festivalarrangørar m.f. 

Søknadsfrister er 15.februar, 15.mai, 15.september, 15.november.

Prisane gjeld frå 1.januar 2018. Framover vil prisauken tre i kraft frå årsskiftet, basert på generell løns-og prisauke.

 

Prisgruppe 1 – Fritidskulturlivet

Timevis bruk av musikar: 345 kroner per musikar

Samarbeidskonsert med eiga avdeling: 1 840 kroner per musikar

Sjølvstendige konsertar: 2 430 kroner per musikar

 

Prisgruppe 2 – Brukarar med vesentleg anna offentleg støtte

Timevis bruk av musikar: 453 kroner per musikar

Samarbeidskonsert med eiga avdeling: 2 100 kroner per musikar

Sjølvstendige konsertar: 2 800 kroner per musikar

 

Prisgruppe 3 - Næringslivet 
Timevis bruk av musikarar til sjølvkost

Øvrig konsertverksemd 
Eigendelen blir fastsett etter avtale med Seksjon for kulturformidling. Ta kontakt på moremusikarane@mrfylke.no.

 

Handsaming av søknadene vil ta om lag 3 veker, og søkjar vil få svar innan 3 veker etter fristen. Søknaden må difor innehalde utfyllande informasjon om arrangementet, slik at informasjon i ein eventuell kontrakt til søkjar og musikar blir korrekt og kan bli ferdigstilt.

Ein må elles søkje til ein frist som garanterar vurdering innan oppstart av prosjektet. Døme: Søk innan 15.februar dersom konserten er 20.mai. 

Kontrakt

Når søknad er innvilga, vil vi lage ein kontrakt med søkjar. Musikaren blir kortidsengasjert av fylkeskommunen, og får kontrakt av oss. Treng du meir informasjon set vi pris på om du tek kontakt med oss på moremusikarane@mrfylke.no.

Søknadsskjema Møremusikartenester
  1. For timevis bruk av musikarane, sett opp på prøve/konsertplan/timeplan med timetal.