Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Arbeidsplasskonsertar

Våren 2013 starta Møremusikarane opp eit nytt tilbod til befolkninga i Møre og Romsdal. Arbeidsplassar over heile fylket kan bestille konsert i arbeidstida for dei tilsette og både offentlege  og private arbeidsplassar kan kjøpe konsertane.

Møremusikarane

Konsertane kan tilpassast etter kjøparen sine ynskje, men i utgongspunktet varer ein arbeidplasskonsert i ca 30 min og vert gjennomført på arbeidsplassen i deira lokaler innanfor normal arbeidstid.

Interessert? Ta kontakt med moremusikarane@mrfylke.no for meir informasjon og eit godt tilbod!


Arbeidsplasskonsert med Rute 33

Klavertrioen i Molde har med seg songaren Lone Eines frå Sunndal i sin heilt nye Arbeidsplasskonsert. Repertoaret varierer mellom song og instrumentale låter og spenner frå den klassiske komponisten Puccini til den argentinske tangomesteren Piazzolla og Sommero. 

Les meir

Arbeidsplasskonsert med Fjord og Fjell

Høsten 2012 starta vi opp ein konsertserie der musikarar frå fylket spiller på arbeidsplasser etter ynskje frå bedriftane eller organisasjonane. 

Les meir